Ervesong: premiere 27. mars30/3/2022
Det har gått nokre dagar etter urframføring av Ervesong, og eg kjenner framleis håra reise seg på armane og er umåtelig audmjuk over all innsats som er vorte lagt ned på alle kantar for at me skulle få dette til. Det er ikkje lett å meistre vanskeleg korsang. Og eg valgte ikkje enkle løysingar for dei.
Det krever mykje øving, tid og gode dirigentar. Men med det fantastiske apparatet rundt alle born og unge som medvirka i Ervesong klarte dei oppgåva med bravur. Og eg er super imponert over alt dei er i stand til å lære! Ervesong har heile vegen vore eit ambisiøst prosjekt med mål om å gje born og unge ei innføring i sin eigen folketonearv. Arbeidet har vore omfattande, krevjande gjennom pandemien, og umåteleg lærerikt. Det å skriva eit verket for unge korister som fører dei gjennom ulike stilartar og teknikker er utruleg spennande. Eg takkar særleg Reidun Horvei og Mari Byrknes for endelaust godt mot og kompetanse, og vidare alle medverkande og alle støttespelarar for at me fekk prosjektet i hamn saman. Applausen er dedikert oss alle! Love U!
0 Comments
Leave a Reply.AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
May 2022
Categories
All
|
Proudly powered by Weebly