Ervesong: premiere 27. mars30/3/2022
Det har gått nokre dagar etter urframføring av Ervesong, og eg kjenner framleis håra reise seg på armane og er umåtelig audmjuk over all innsats som er vorte lagt ned på alle kantar for at me skulle få dette til. Det er ikkje lett å meistre vanskeleg korsang. Og eg valgte ikkje enkle løysingar for dei.
Det krever mykje øving, tid og gode dirigentar. Men med det fantastiske apparatet rundt alle born og unge som medvirka i Ervesong klarte dei oppgåva med bravur. Og eg er super imponert over alt dei er i stand til å lære! Ervesong har heile vegen vore eit ambisiøst prosjekt med mål om å gje born og unge ei innføring i sin eigen folketonearv. Arbeidet har vore omfattande, krevjande gjennom pandemien, og umåteleg lærerikt. Det å skriva eit verket for unge korister som fører dei gjennom ulike stilartar og teknikker er utruleg spennande. Eg takkar særleg Reidun Horvei og Mari Byrknes for endelaust godt mot og kompetanse, og vidare alle medverkande og alle støttespelarar for at me fekk prosjektet i hamn saman. Applausen er dedikert oss alle! Love U! Ervesong på gli23/3/2022 "O Hoi!" Endeleg brakar det laus.... Etter 2 år med utsetjing har me endeleg lov å samla alle som er med i prosjektet. Det vert over 100 utøvarar på scenen, kor og kammerorkester. Reidun Horvei er solist og Inger-Krisitne Riber har skrive verket Ervesong med utgangspunkt i 12 folketonar frå Vestlandet. Heile sulamitten vert dirigert av fantastiske Kjell Seim! På besøk til Bodil Cappelen28/9/2021
I går hadde me eit gripande møte med Bodil Cappelen som fekk boka og CD’en RIT i Vestfold. Ho let vel og var også glad for at mindre kjende dikt av Olav H. Hauge har vorte lyfta fram i denne produksjonen. Men favoritten hennar var framleis «kirsebærtreet».
Myosotis: Nedi vester soli glader13/6/2021
Turnéen vart ein suksess, 10 nydelige konsertar i 10 ulike kyrkjer så fulle av folk som dei kunne vera. Eg er så takknemlig for at me klarte gjennomføre dette, og at responsen vart så god. No skal me arbeide vidare med materialet og freista få til ei innspeling i løpet av 2022. Her er eit lite utklipp av min versjon av tonen "Nedi vester soli glader" frå Eidfjord.
-- The tour was a success, 10 beautiful concerts in 10 different churches as full of people as they could be. I am so grateful that we were able to go through with this, and that the response was so good. Now we will continue to work with the material and try to make a recording during 2022. Here is a small excerpt of my version of the tune "Nedi vester soli glader" from Eidfjord. AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
May 2022
Categories
All
|
Proudly powered by Weebly