INGER - KRISTINE RIBER
  • Home
  • Bio
  • COMPOSER
  • GALLERI
  • Contact
RITA SOM I EIN DRAUM (RIT) er ei nyskrive musikkdramatisk framsyning av Reidun Horvei og Kathrine J. Hanson. Musikken er skrive av Inger-Kristine Riber, og Ragnhild M. Gudbrandsen medverkar som regissør. 

Med Olav H. Hauges forfattarskap som grunnlag fremjer RIT interessa for Hauge sin forfattarskap og lyrikk gjennom fleire kunstuttrykk. RIT er forma som ein monolog som vekslar mellom resitasjon, forteljing og song. Komponist, tekstutviklar, musikarar og sceneinstruktør samarbeider tett i denne produksjonen om å utforska Hauge sitt draumelandskap. Målet er å føra publikum inn i tankar, kjensler og rom dei ikkje har gjesta tidlegare. Eit rom som freistar søkja lyden av det indre liv, der også stillheit er eit ynskje om endring. RIT teiknar ei utvikling med moment av humor, drama, angst, men også ei stillheit som byr på opnenheit, refleksjon, meditasjon og ei større oppleving av Hauge sin poesi.
Lengd: 
20 min innleiing
​60 min framsyning

MEDVERKANDE

PictureREIDUN HORVEI manus/songar/forteljar
Songaren Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans sopran og folkesongar. Ho har hatt konsert turnéar over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane innan klassisk musikk til ny musikk, vise og folkemusikk. Ho har fleire gonger vorte engasjert ved Festspela i Bergen, Hardingtonar, Hardanger Musikkfest og Osafestivalen. I utlandet har ho og turnért og medverka under mange festivalar på internasjonalt plan. På slutten av 70-talet vart ho kjend med Hauge sin diktnad og medverka som songar i fleire samanhengar med diktaren sjølv. Horvei har sidan 1992 vore tilsett som fylkesmusikar i Hordaland, og har i samband med dette gjennomført fleire produksjonar og publikasjonar.

Mitt fyrste møte med Olav H. Hauge: 

Tidleg ein vårdag i 1977 møtte Reidun Horvei Hauge for fyrste gong. Ho hadde arbeidd med dikta hans i eit par år og no skulle ho medverka i eit radioprogram saman med diktaren der ho skulle syngja. Ho kom fram, banka på døra og steig over dørstokken. Hauge vart yr, spytta skrå i vasken og ropa på kona i hagen: Bodil, du mao koma, du mao koma, ho kan syngja! 

​- Reidun Horvei 


PictureINGER-KRISTINE RIBER komponist/pianist
Pianist og komponist Inger-Kristine Riber utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Hochschule Für Musik, Theater und Medien Hannover (Tyskland). Etter avslutta utdanning vart ho tildelt ei utmerking av Norges Forskningsråd og det tyske oljeselskapet RWE- DEAD for å sikra vidare internasjonal kunstnerisk profesjonalisering. Dette leia fram til ei rekkje oppdrag i USA, Tyskland, Italia, Sveits, Storbritannia og Skandinavia. I tillegg til sine solostudium i klassisk piano og kammermusikk, har Riber også markert seg som komponist og kulturell entreprenør. Mykje av arbeidet hennar er farga av ein visjon om å skapa nye arenaer for klassisk musikk, og ho har leia fleire eigeninitierte prosjekt både på nasjonal og internasjonal arena.

PictureKATHERINE J. HANSON manus/innleiing
Kathrine Hanson tok si doktorgrad på Olav H. Hauge med avhandlinga “Nature Imagery in Olav H. Hauge’s Poetry” (Department of Scandinavian Languages and Literature, 1978). Artiklar ho har skrive om Hauges poesi er vorte trykt i Dikt og artiklar om dikt: til Olav H. Hauge på 70-års dagen (1978); Pacific Northwest Council on Foreign Languages, 29 (1978); Tunn is. Om Olav H. Hauges forfattarskap (1994); Nordica Bergensia (2001); Dictionary of Literary Biography, volume 297 (2004); Tid å hausta inn (2008).Hanson har vært redaktør av to antologiar: An Everyday Story. Norwegian Women’s Fiction (1984) og Echo. Scandinavian Stories about Girls (2000). Sammen med Judith Messick har ho omsatt fleire romanar av Amalie Skram til engelsk: Constance Ring, Under Observation (Professor Hieronimus og Paa Sct. Jørgen), Lucie, Fru Inés og Betrayed. Hanson har undervist på St. Olaf College, Pacific Lutheran University og seinast the University of Washington der ho er Affiliate Associate Professor.

Mitt første møte med Olav H. Hauge:

Da Katherine J. Hanson valgte Olav H. Hauge sin diktning som emne for sin PhD avhandling i 1973, bar hun nok på en drøm om å få gjeste dikteren og hans hageflekk i Ulvik.  Drømmen gikk i oppfyllelse og i årene framover gjestet Hanson Hauge i hans kårstua på Hakestad mange ganger.  Møtet med dikteren og hans verden åpnet dører til poetiske rom Hanson ikke hadde visst om!

​- Katherine Jane Hanson
​

PictureRAGNHILD M. GUDBRANDSEN regissør
Skodespelar og regissør Ragnhild M. Gudbrandsen kjend frå teater og  filmproduksjonar, i tillegg som regissør på ei rekkje oppsetjingar. 
Ragnhild Gudbrandsen er fast skodespelar ved Den Nationale Scene i Bergen, og har sterk tilknytning til Det vestnorske teater.( tidligere Hordaland teater) 
Ho har sjølv dramatisert monologen Babettes gjestebod  som ho med stor suksess har turnert  med på Vestlandet, Trondheim og i Oslo.  Aktuell i «svar på brev frå Helga»av Bergsveinn Birgirrson på logen i 2020. 


Mitt første møte med Olav H. Hauge:

Våren 1992 studerte Ragnhild Gudbrandsen  ved Riksteateret/ Hordaland teater 
sin 4 årige elev skole. Lyrikk sto fast på timeplanen, og denne våren ønsket teateret å produsere en turneforestilling med dikt av Olav H.Hauge. Komponist Per Indrehus tonesatte forestillingen  «vinden har so mykje å fortelja i vår». Det var stort å få komme hjem til Olav H. Hauge på gården i Ulvik. Han delte raust av sin kunnskap, og syntes det var kjekt at ungdommen tok tak i diktene hans. Han kom hele tre ganger på forestillingen vår som turnerte med teaterbåten Innvik. Da satt han bakerst i salen med hatten på skrå og humret godt da «stå ikkje  der å skrik på eit Berg» ble fremført som I freestyle rap. Diktene har fulgt meg siden, og åpner stadig nye rom for refleksjon.

​- Ragnhild M. Gudbrandsen 
Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Home
  • Bio
  • COMPOSER
  • GALLERI
  • Contact